top of page
Søk

1000 medlemmar!

  • Forfatterens bilde: Synne Gjeilo
    Synne Gjeilo
  • 24. feb.
  • 2 min lesing

Over 1000 betalande medlemmar på 4 veker – stor støtte for privat vidaregåande skule i Lom!

 

Venneforeininga for vidaregåande skule i Lom, saman med arbeidsgruppa TAFI, har fått overveldande støtte frå både kommunar, næringsliv og privatpersonar.

 

På berre fire veker har meir enn 1000 betalande medlemmar meldt seg inn i venneforeininga, og engasjementet er enormt. Dette er eit viktig steg i arbeidet med å opprette ein privat vidaregåande skule i Lom, etter at fylkeskommunen vedtok å legge ned skulen.

 

– At vi har fått så mange som 1000 medlemmar på så kort tid, viser kor sterkt engasjementet er for å sikre ein trygg og god skule for ungdommen vår. Medlemskontingenten og  private donasjonar har til nå sørga for over 600 000 kroner til dette arbeidet. Det er heilt fenomenalt, seier Rita Mundal frå Venneforeininga.


Foto: Rita Mundal
Foto: Rita Mundal

Mange av medlemmane kjem frå Lom, Skjåk og Vågå, men vi ser også medlemmar frå heile Gudbrandsdalen og langt utanfor, med folk busette frå Karasjok til Singapore. Altså frå heile landet og utanlands. Aldersspennet er stort, frå 16 til vår til nå eldste medlem på 91 år.

 

– Det er rørande å sjå kor mykje folk er villige til å bidra, både med medlemsskap, gode ord, kontingent og donasjonar. Det gir oss stor motivasjon til å fortsette arbeidet, seier Mundal.

 

 

Kronerullinga startar no for fullt

 

I tillegg har TAFI satt i gang eit stort arbeid med å få støtte frå næringslivsaktørar i Lom, Skjåk og Vågå. Den 13. februar kom nyheita om at Interfil i Skjåk startar denne kronerullinga, og går i spisses med ei støtte på 4,5 millioner kroner til dette arbeidet.

 

Foto: Hanna Skjåkødegard Flækøy
Foto: Hanna Skjåkødegard Flækøy

– At næringslivet er med, gir oss moglegheita til å ta nye steg mot å etablere skulen. Det er fantastisk å sjå kor mykje positiv energi som er rundt prosjektet, seier Hanna Skjåkødegard Flækøy frå TAFI.


Venneforeininga og TAFI ser fram til å vidareføre arbeidet og bygge eit solid fundament, både gjennom støtte frå både privatpersonar og næringslivet. Dei understrekar at det framleis er behov for ytterlegare støtte for å sikre at skulen skal bli ein realitet.


 
 

© Venneforeining for vidaregåande skule i Lom / 2025

bottom of page