top of page
  • Eg får ikkje meldt meg inn via skjemaet
    Send oss ein e-post på post@vennlomvgs.no så kan vi få lagt deg inn manuelt.
  • Samarbeider venneforeininga med TAFI?
    Ja. Venneforeininga og TAFI (Tverrfaglig arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet) har tett kontakt. Vi arbeider mot eit felles mål om ein vidaregåande skule i Lom.
  • Kan eg melde inn andre enn meg sjølv?
    Send oss ein e-post på post@vennlomvgs.no så kan vi få lagt inn medlemmar manuelt.
  • Kva skjer med pengane dersom det ikkje blir skule?
    Pengane vil da gå til ungdommen i Ottadalen. Det er medlemmane og styret i foreininga som skal bestemme korleis dette skal bli brukt. Les meir i vedtektet vårt.
  • Kan bedrifter, lag og foreiningar støtte?
    Medlemsskap i venneforeininga er for privatpersoner. Bedrifter, lag og foreiningar kan likevel støtte ved å: Donere valfri sum eller fast trekk til kontonummeret vårt: 2085 33 94875. Donere valfri sum til vipps-nummeret vårt: 954437. Større donasjonar? Ved større donasjonar anbefaler vi at dykk tek direkte kontakt med TAFI og privatskulen på https://jotunheimenvgs.no
  • Kan eg støtte økonomisk utan å vera medlem?
    Ja. Du kan støtte oss økonomisk utan å vera medlem. Du kan: Donere valfri sum eller fast trekk til kontonummeret vårt: 2085 33 94875. Donere valfri sum til vipps-nummeret vårt: 954437.
  • Kan eg vera anonym gjevar?
    Donasjonar direkte på konto eller vipps blir halde anonymt dersom ikkje anna er avtalt. Doner valfri sum eller fast trekk til kontonummeret vårt: 2085 33 94875. Doner valfri sum til vipps-nummeret vårt: 954437.
  • Korleis kan eg støtte økonomisk?
    Du kan støtte oss økonomisk ved å: Melde deg inn som medlem og betale årskontingent. Donere valfri sum eller fast trekk til kontonummeret vårt: 2085 33 94875. Donere valfri sum til vipps-nummeret vårt: 954437.
  • Kva er ei venneforeining?
    Ei venneforeining er ein frivillig organisasjon som er oppretta for å støtte ein institusjon, som for eksempel ein skule, gjennom økonomisk støtte, frivillig arbeid eller andre tiltak.
  • Kva skal pengane brukast til?
    Pengar som kjem inn til venneforeininga gjennom medlemskontigent og private donasjonar, skal gå til å støtte oppretting og drift av Jotunheimen privatistskule/Jotunheimen vidaregåande skule.
  • Blir eg automatisk trekt for medlemsskap kvart år?
    Nei. Du vil få ei påminning om du ynskjer å fortsette medlemsskap og betale kontigent ved eit nytt år.
  • Kva for skule støttar venneforeininga?
    Venneforeininga støttar arbeidet med Jotunheimen privatistskule/Jotunheimen vidaregåande skule.

© Venneforeining for vidaregåande skule i Lom / 2025

bottom of page